1 127 millionar kroner meir i frie inntekter til Vestland neste år

Regjeringa legg 2,5 milliardar kroner på toppen av Solberg-regjeringa sitt forslag til vekst i frie inntekter for 2022. Dermed får kommunesektoren 4,5 milliardar kroner meir i frie inntekter neste år. – No sikrar vi ressursar og handlefridom til kommunesektoren slik at dei kan levere gode velferdstenester over heile landet, seier kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vestland og Vestland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2021 til 2022. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2021. Anslaget inkluderer ei justering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2021 på 5,9 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2021.

For å gjere inntektsnivået i 2021 samanliknbart med inntektsnivået i 2022, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2021 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2021.

Utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota, kan forklare mykje av variasjonen i veksten kommunar og fylkeskommunar imellom. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

  Anslag på Vekst frå anslag Endring 
  frie på rekneskap 2021 - 2022 fra 
Kommune inntekter  Nominelle Prosent Prop. 1 S
  2022 kroner    
  (1000 kr) (1000 kr)   (1000 kr)
  1 2 3 4
         
4601 Bergen 17 006 782 305 055 1,8 79 014
4602 Kinn 1 137 198 18 624 1,7 8 989
4611 Etne 279 962 4 350 1,6 1 657
4612 Sveio 379 197 10 395 2,8 3 304
4613 Bømlo 769 280 18 704 2,5 6 032
4614 Stord 1 147 451 26 086 2,3 7 277
4615 Fitjar 211 512 3 863 1,9 1 943
4616 Tysnes 226 161 9 627 4,4 2 162
4617 Kvinnherad 847 378 15 584 1,9 9 168
4618 Ullensvang 799 763 11 525 1,5 6 740
4619 Eidfjord 86 612 2 449 2,9 869
4620 Ulvik 97 202 1 101 1,1 784
4621 Voss 1 054 128 21 353 2,1 7 709
4622 Kvam 575 860 9 296 1,6 4 303
4623 Samnanger 173 517 3 855 2,3 1 377
4624 Bjørnafjorden 1 571 127 38 509 2,5 11 581
4625 Austevoll 410 241 9 249 2,3 3 085
4626 Øygarden 2 334 111 57 451 2,5 14 832
4627 Askøy 1 807 098 28 293 1,6 11 979
4628 Vaksdal 288 107 4 308 1,5 2 690
4629 Modalen 51 990 1 747 3,5 758
4630 Osterøy 490 212 8 212 1,7 3 457
4631 Alver 1 899 697 63 743 3,5 14 483
4632 Austrheim 204 742 3 595 1,8 1 512
4633 Fedje 60 423 1 124 1,9 684
4634 Masfjorden 144 540 3 644 2,6 1 951
4635 Gulen 191 280 3 592 1,9 2 588
4636 Solund 77 081 1 366 1,8 722
4637 Hyllestad 111 915 2 723 2,5 812
4638 Høyanger 287 514 6 847 2,4 3 163
4639 Vik 201 982 2 577 1,3 1 549
4640 Sogndal 791 971 22 430 2,9 6 033
4641 Aurland 137 097 2 378 1,8 1 477
4642 Lærdal 157 518 3 290 2,1 1 413
4643 Årdal 364 903 7 880 2,2 1 892
4644 Luster 373 554 13 901 3,9 5 448
4645 Askvoll 228 349 4 422 2,0 2 594
4646 Fjaler 226 929 5 319 2,4 2 607
4647 Sunnfjord 1 478 971 34 545 2,4 10 905
4648 Bremanger 280 612 4 917 1,8 3 245
4649 Stad 650 840 16 657 2,6 5 364
4650 Gloppen 421 031 9 552 2,3 3 489
4651 Stryn 474 397 9 693 2,1 5 037
Til fordeling gjennom året 30 000      
Vestland 40 540 234 833 833 2,1 266 680
         
Vestland fylkeskommune 10 854 768 292 998 2,8 68 725

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2022, målt i 1 000 kroner. Det blir gjort nokon endringar i tabell C pga. feil i berekning av kompensasjon for barnevern i Grønt hefte. Dette er ikkje teke omsyn til i tabellen her. Det kan også bli endringar i fordelinga av grunnskuletilskotet når ny statistikk ligg føre.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2021 til anslag for 2022 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:

Viser endringa i veksten i frie inntekter samanlikna med Solberg-regjeringa sitt budsjettforslag.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.