Deler ut 90 millionar gjennom Helseteknologiordninga
Nyheit | Dato: 13.02.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Helseteknologiordninga deler i dag ut 90 millionar kroner til kommunar som går foran og drar med seg andre kommunar for å raskare ta i bruk helseteknologi.
– Helseteknologiordninga var eit heilt nytt og nødvendig grep regjeringa tok i 2024. No held vi fram og gir draghjelp til kommunar som investerer i helseteknologi og samhandlingsløysingar, fortel helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Dette er det andre året tildelingar frå ordninga blir gjort. Det er Helsedirektoratet som gjer vurderinga av kva prosjekt som får tilskot.
Kva er Helseteknologiordninga?
- Regjeringa foreslo allereie i Hurdalsplattforma å etablere ei helseteknologiordning, og kommunar kunne sende inn søknader til ordninga frå slutten av 2023.
- Formålet med ordninga er å stimulere kommunar til å samordne seg og legge til rette for investeringar, anskaffingar og innføring av betre teknologiske løysingar.
- I 2024 var Helseteknologiordninga på 150 millionar kroner, mens den i 2025 er auka til nærmare 176 millionar kroner. Dei 90 millionane som blir delte ut i dag er den første tildelinga i år.
Nesten alle kommunar har søkt
– Det er fantastisk å sjå at så mange kommunar har kjent besøkstida si og gått saman om å sende inn søknader. Det fortel at det er ei stor vilje i kommune-Noreg til å tenke innovativt, og ta i bruk løysingar som gjer vår felles helse- og omsorgsteneste betre og meir berekraftig, seier Vestre.
309 kommunar og 15 fylkeskommunar har blitt tildelt midlar, enten som prosjekteigar eller at dei er ein av kommunane som er med på ein felles søknad.
Totalt 100 prosjekt mottar tilskot 94 av desse får tilskot gjennom tilretteleggingstilskotet, mens seks får tilskot gjennom samhandlingstilskotet.
To ulike tilskot
Til saman 71,2 millionar kroner blir delt ut gjennom tilretteleggingstilskotet. Målet med dette tilskotet er å stimulere kommunane til å samordne seg og legge til rette for anskaffingar, innføring og utbreiing av helseteknologi.
I tillegg blir 18,7 millionar kroner delt ut gjennom samhandlingstilskotet. Dette tilskotet går til kommunar som går foran i utprøving og innføring av den nasjonale satsinga på digitale samhandlingstenester.
Her er det seks kommunar som har fått tilskot innan Pasientens legemiddelliste.
Digitalt vaktrom i sky i Modalen
Landets nest minste kommune målt i innbyggartal, Modalen i Nordhordland, er tildelt tre millionar kroner gjennom tilretteleggingstilskotet av Helseteknologiordninga.
Modalen kommune representerer 15 kommunar på Vestlandet som har fått midler til velferdsteknologiprosjektet Digitalt vaktrom i sky og for innføring av ei nyanskaffa journalløysing.
Velferdsteknologi handlar om å gi personar med hjelpebehov betre livskvalitet, auka tryggleik og større moglegheit til å klare seg på eigen hand.
Digitalt vaktrom i sky samlar alle velferdsteknologiske løysingar i nordhordlandskommunane i éi plattform, som til dømes tryggleiksteknologi.
I neste fase skal ein innføra mobilt vaktrom i heimebaserte tenester. Mobilt vaktrom gjer det mogleg for tilsette å motta og handtere varsel direkte på mobile einingar, noko som gir kortare responstid og raskare hjelp til brukarane frå kjent helsepersonell.
Skyløysinga gir òg pårørande moglegheit til å delta i responskjeden dersom det er ønskeleg.
Sju prosjekt i Oslo får tilskot
Oslo kommune får eit tilskot på 6,3 millionar kroner til sju prosjekt som mellom anna gjeld bruk av kunstig intelligens til dokumentasjon, bruk av Helsenorge for testing av automatisk fordeling av pasientar mellom fastlege og lege.
Bergen kommune får seks millionar kroner for utprøving og innføring av Pasientens legemiddelliste (PLL) i bergensområdet.
Helsedirektoratet understrekar at Bergen kommune har ein forankra og realistisk plan som dekker heile helsefellesskapet, og kommunen har derfor fått innvilga heile beløpet dei søkte om.
Desse kommunane har mottatt tilskot for tilretteleggingstilskotet. I lista under er berre kommunen som er prosjekteigar lista.
Søkar |
Tittel |
AUSTEVOLL KOMMUNE |
Velferdsteknologi til barn/unge/Vaksne Sunnfjord |
BARDU KOMMUNE |
Digital heimeoppfølging og etablering av kompetansenettverk mellom deltakande kommunar i Midt-Troms |
BERGEN KOMMUNE |
Digital heimeoppfølging kreftomsorg og rehabilitering |
BERGEN KOMMUNE |
Etablering av nye journalsystem for pleie- og omsorgstenester, inklusivt sjukeheim over statsbudsjettet 2024 kap. 701, post 60 |
BODØ KOMMUNE |
Oppfølgingssenter DHO-Nord |
BODØ KOMMUNE |
Felles EPJ-anskaffingar - Region Troms og Nordland |
BRØNNØY KOMMUNE |
Digital Heimeoppfølging Helgeland |
BRØNNØY KOMMUNE |
Felles anskaffing av nytt EPJ-system for helse- og omsorgstenesten for kommunane på Helgeland |
BÆRUM KOMMUNE |
Noregs mest digitale legevakt (LEVA) |
BØ KOMMUNE |
Felles velferdsteknologiske løysingar i Vesterålen og Lødingen |
FARSUND KOMMUNE |
Trygg heime i Lister-Digital korttidsavdeling med forsterka utskriving |
FREDRIKSTAD KOMMUNE |
Digital heimeoppfølging i Helsefellesskapet Østfold |
GAMVIK KOMMUNE |
Prosjekt Finnmark DHO - Gamvik |
GJØVIK KOMMUNE |
EPJ-løftet Innlandet |
GJØVIK KOMMUNE |
Interregional anskaffing av velferdsteknologi i seks kommunar i Innlandet |
GRONG KOMMUNE |
Utgreiing og etablering av felles EPJ og pasientnær teknologi for fastlegetenesten i Indre Namdal |
HERØY KOMMUNE |
Interkommunal digital heimesjukepleie |
HOLE KOMMUNE |
Skalering av Digital heimeoppfølging i Helsefellesskapet Vestviken |
HOLE KOMMUNE |
Felles EPJ-anskaffing 2025 |
KINN KOMMUNE |
Deling av informasjon i sanntid i vekslingsfeltet mellom kommune og helseføretak |
KRISTIANSAND KOMMUNE |
Innføringsprosjekt 2.0 |
KRISTIANSUND KOMMUNE |
Påkobla hjelpemiddel |
KRISTIANSUND KOMMUNE |
ProAktivHjem |
KVÆNANGEN KOMMUNE |
Digital heimeoppfølging i Nord-Troms og UNN |
LARVIK KOMMUNE |
Digital heimeoppfølging Vestfold |
LILLESTRØM KOMMUNE |
Elektronisk pasientjournal som teneste |
LILLESTRØM KOMMUNE |
Berekraftige helsetenester gjennom digital oppgåvedeling |
LINDESNES KOMMUNE |
Digitale verktøy for gevinstrealisering 2025-2026 |
LUSTER KOMMUNE |
Innføring og implementering av digitalt tilsyn og søvnmonitorering |
LØRENSKOG KOMMUNE |
Velferdsteknologi - barn, unge og vaksne |
LØTEN KOMMUNE |
Endringar i tenester ved innføring av direkte respons basert på teknologiske løysingar |
MODALEN KOMMUNE |
Heimetenesta 2.0 |
MODALEN KOMMUNE |
Ny arbeidskvardag med framtidsretta EPJ |
MOLDE KOMMUNE |
Tenestemodell velferdsteknologi barn og unge |
NORD-AURDAL KOMMUNE |
Previs 2. - Digitalisering og avgjerdsstøtte i legevakt |
OSLO KOMMUNE |
Triage til fastlege og legevakt |
OSLO KOMMUNE BYDEL 14 NORDSTRAND |
Velferdsteknologi til barn, unge og vaksne med medfødde og tidleg erverva funksjonsnedsettingar |
OSLO KOMMUNE BYDEL 14 NORDSTRAND |
Bruk av kunstig intelligens i journalføring |
OSLO KOMMUNE HELSEETATEN |
Etablering av digital heimeoppfølging i OUS-sektor |
OSLO KOMMUNE HELSEETATEN |
VFT til vaksne med diagnosen psykisk utviklingshemming, VFT Ferd |
OSLO KOMMUNE OSLO ORIGO |
Spesifikasjon av standard for kjeldesystem for dokumentdeling (IHE XDS) |
OSLO KOMMUNE OSLO ORIGO |
API-standard for journalsystem i primærhelsesektor |
OVERHALLA KOMMUNE |
Tilrettelegging for å ta i bruk teknologi i den kommunale helse- og omsorgstenesten |
OVERHALLA KOMMUNE |
Innføring bruk av KI i dokumentasjonsarbeid |
PORSGRUNN KOMMUNE |
Heilskapleg velferdsteknologisk plattform |
RENNEBU KOMMUNE |
Saman om teknologi |
RISØR KOMMUNE |
EPJ Helse og omsorg |
SANDEFJORD KOMMUNE |
Meistring, kommunikasjon og tryggleik - eit velferdsteknologiprosjekt for barn, unge og vaksne med funksjonsnedsettingar |
SENJA KOMMUNE |
Felles innføringsløp av velferdsteknologi |
SKIEN KOMMUNE |
Fellesanskaffing nytt EPJ system for kommunene i Vestfold og Telemark |
SKIEN KOMMUNE |
DHO Vestfold og Telemark |
STAVANGER KOMMUNE |
Samarbeid om anskaffingar av EPJ for Bergen, Bodø, Bærum, Kristiansand og Stavanger |
STAVANGER KOMMUNE |
Digital heimeoppfølging i helsefellesskapet i Sør-Rogaland |
STJØRDAL KOMMUNE |
Framtidas EPJ |
STJØRDAL KOMMUNE |
Bruk av ressursar på tvers for å bredde velferdsteknologi i Værnes-regionen |
STJØRDAL KOMMUNE |
Utvikling av svarteneste for helseteknologi og kommunal responssenter si rolle |
SUNNFJORD KOMMUNE |
Velferdsteknologi til barn/unge/vaksne Sunnfjord |
SUNNFJORD KOMMUNE |
Digital heimeoppfølging i Vestland/Helse Førde helsefelleskap |
TRONDHEIM KOMMUNE |
Innføring av Helseplattforma hjå legevakt og fastlege i Midt Norge |
TRONDHEIM KOMMUNE |
Felleskommunal anskaffing av saumlaus velferdsteknologi |
TRONDHEIM KOMMUNE |
Digital heimeoppfølging i helsefellesskapet St. Olavs hospital |
TRYSIL KOMMUNE |
Helseteknologiordninga/BUV2024 |
TRØNDELAG FYLKESKOMMUNE |
Digitalisering av den offentlege tannhelsetenesta |
TRØNDELAG FYLKESKOMMUNE |
Kodeverk tannhelsetenesta |
ULLENSAKER KOMMUNE |
Mitt liv mitt ansvar, MILA |
VESTVÅGØY KOMMUNE |
Digitalt førsteval. Forsterka helsehjelp i heimen, bruk av velferdsteknologiske løysingar for å unngå innlegging i sjukeheim |
VINJE KOMMUNE |
Felles journalløft - utprøving av samhandlingsteneste for NEWS2-målinger |
VOLDA KOMMUNE |
Måling og meistring - Digital heimeoppfølging på Søre Sunnmøre |
VÅGAN KOMMUNE |
Implementering, opplæring og utvikling av nytt EPJ PLO |
VÅGÅ KOMMUNE |
Helseregionsamarbeid Innlandet; Auka sjølvstende og betre helse med digital heimeoppfølging |
VÅGÅ KOMMUNE |
Aktiv deltakar i eit digitalt samfunn |
VÅGÅ KOMMUNE |
Digitalt tilsyn for berekraftige helse og omsorgstenester i Nord-Gudbrandsdal |
ØVRE EIKER KOMMUNE |
Med i tida og med på laget |
Og kommunane som er oppført under har fått innvilga tilskot frå samhandlingstilskotet.
Søkar |
Tittel |
Bergen kommune |
Utprøving og innføring av PLL i bergensområdet |
Bodø kommune |
Utprøving og innføring av PLL i Lofoten, Vesterålen og Salten |
Hammerfest kommune |
Utprøving og innføring av PLL i Finnmark |
Rana kommune |
Utprøving og innføring av PLL på Helgeland |
Tromsø kommune |
Utprøving og innføring av PLL i Troms og Ofoten |
Sarpsborg kommune |
Innføring av digitale samhandlingsløysingar – frå Sentral forskrivningsmodul til Pasientens legemiddelliste |