Betre miljøvilkår for vasskraftverk i Eidfjord og Ulvik

Det er i statsråd i dag fastsett reviderte konsesjonsvilkår for Eidfjord Nord-reguleringane i Eidfjord kommune og Ulvik herad. Vedtaket set punktum for ein omfattande revisjonsprosess, der kommunane og natur- og friluftsorganisasjonar har vore sentrale pådrivarar for å betre miljøforholda i vassdraga.

Det er gjort mange tiltak og undersøkingar når det gjeld laks og sjøaure i Bjoreio. Flaskehalsane har vore låg vasstemperatur om sommaren og lite vassføring om vinteren. Desse forholda vert no endra på, samtidig som det ikkje går ut over Vøringsfossen som landskapselement. 

– Det har heile tida vore viktig å ta vare på den unike Vøringsfossen, samtidig som me endrar konsesjonsvilkåra for å betre forholda for villaksen, seier energiminister Terje Aasland.

Statkraft har konsesjon til å regulere Eidfjord Nord-anlegga som produserer over 3,1 TWh energi årleg. I tillegg til endringane i Bjoreio, blir det no krav om minstevassføring i Simaelva.  Kraftproduksjonen vil bli redusert med til saman 0,3 prosent, noko som tilsvarer 6,7 GWh. Statkraft skal også bidra med 2,5 millionar kroner til villreinfondet for Hardangervidda. Det blir ikkje innført nye magasinrestriksjonar.

– Vedtaket vil betre miljøforholda i eit regulert vassdrag, samtidig som tapet av verdifull, regulerbar kraftproduksjon er svært avgrensa. Kraftverka i Eidfjord Nord-reguleringa er særleg viktige når etterspurnaden etter kraft er stor, seier Aasland.

Her kan du lese den kongelege resolusjonen som er knytt til denne saka: