Barne- og familiedepartementet vil utgreie eit nytt regelverk for krematorium
Nyhet | Dato: 23.06.2025 | Barne- og familiedepartementet
Barne- og familiedepartementet vil sette i gang ei utgreiing av nytt regelverk for krematorium. Målet er å sende ut eit høyringsnotat i 2026.
– Det er viktig at vi kan gravlegge folk med orden og verdigheit. Over tid vil det vere naudsynt med fleire krematorium i Noreg, og vi meiner det er naudsynt å utgreie korleis dette kan organiserast på best mogleg vis. Vi har tilstrekkeleg med kapasitet i dag, og det skal vi ha i framtida også. Det skal folk kunne vere trygge på, og vi set derfor i gang eit utgreiingsarbeid. Gravferd og gravplassar er ei viktig teneste for folk og lokalmiljø, samstundes som det er ein del av norsk beredskap, seier statssekretær Helge Flø Kvamsås i Barne- og familiedepartementet.
Over tid trengs fleire krematorium for å møte den venta auken i dødstal som ligg i befolkningsframskrivingane. Men venta vesentleg høgare dødstal ligg framleis litt fram i tid.
Departementet har motteke ni søknadar om etablering av krematorium frå privateigde kommersielle aksjeselskap. Den 23. juni 2025 har departementet sendt ut vedtak om avslag på desse søknadane. Departementet si vurdering er at gravplasslova ikkje opnar for private leverandørar av krematorietenester i Noreg.