Finnmarkslova

Finnmarkslova skal leggje til rette for at naturressursane i Finnmark blir forvalta på ein mest mogleg balansert og berekraftig måte til det beste for innbyggarane i fylket. Særleg skal forvaltningsutøvinga ha sikte på å sikre naturressursane som grunnlag for samisk kultur, reindrift, utmarksbruk, næringsutøving og samfunnsliv.

Finnmarkseiendommen som forvaltar

Finnmarkseiendommen er eit sjølvstendig organ som har grunnboksheimel til tidlegare umatrikulert grunn i Finnmark, og som forvaltar grunnen og naturressursane som den eig i samsvar med formålet til Finnmarkslova og reglane i lova elles.

Finnmarkseiendommen er underlagt plikter som må følgjast for å nå føremålet om ei balansert og berekraftig forvaltning av grunnen. Desse pliktene er meint å skape føreseielege rammer for å sikre ei heilskapleg forvaltning som varetar ressursane i Finnmark på best mogleg måte. Dette er særleg viktig for å sikre noverande og framtidig samisk kultur- og næringsutøving.

Vidare har Sametinget gitt retningslinjer om vurderinga av samiske interesser som Finnmarkseiendommen må leggje til grunn i saker om endra bruk av utmark i Finnmark

Finnmarkseiendommen blir leia av eit styre på seks personar, der tre av dei blir vald av Sametinget og tre blir vald av Fylkestinget i Finnmark. Alle representantane må bu i Finnmark.

Eksisterande rettar og rettskartlegging

Sjølv om Finnmarkseiendommen har grunnboksheimel til store delar av grunnen i Finnmark, er det på det reine at eksisterande bruks- og eigarrettar står seg for andre rettshavarar. Det vil seie at dersom ein har opparbeidd seg rettar gjennom til dømes alders tids bruk eller hevd, gjeld desse rettane uavhengig av at Finnmarkseiendommen har grunnboksheimel. Dette er slått prinsipielt fast i Finnmarkslova § 5, der det heiter at samane gjennom langvarig bruk av land og vatn har opparbeidd seg rettar til grunnen i Finnmark.

I medhald av Finnmarkslova § 29 er det oppretta ei ordning for å kartlegge eksisterande rettar i Finnmark. Etter kvart som eksisterande rettar blir kartlagt, kan desse rettane bli anerkjend og tinglyst. Kartlegginga av rettar blir gjennomført av Finnmarkskommisjonen, og ein kan følgje arbeidet deira her.

Dersom det blir usemje kring funna til Finnmarkskommisjonen, skal slike tvistar handsamast av ein eigen særdomstol, som heiter Utmarksdomstolen for Finnmark. Det gjeld særlege reglar om dekking av sakskostnadar og rettsgebyr for slike tvistar, som inneber at staten i visse tilfelle skal dekke naudsynte utgifter for private partar.

Bruk av grunnen i Finnmark

Finnmarkslova gjev særlege rettar til innbyggjarane i Finnmark utover det som er vanleg i statsallmenningar eller på privat eigedom. Dette er i tråd med den kollektive tradisjonen om deling av ressursane i Finnmark, som har funne stad lenge før Finnmarkslova kom i stand. Rettane er etnisk nøytrale på den måten at kvar einskilde si rettsstilling ikkje er avhengig av etnisitet.

Følgjande rettar for innbyggjarar og allmenta følgjer av Finnmarkslova §§ 22 og 23:

  • Allmenta har på grunn tilhøyrande Finnmarkseiendommen rett til jakt og fangst av småvilt, plukking av molter til eige hushald og fiske i vassdrag med stang og handsnøre.
  • Alle innbyggjarar i Finnmark har på grunn tilhøyrande Finnmarkseiendommen rett til jakt på storvilt og småvilt, plukking av molter, uttak av tømmer til husflid og fiske i vassdrag med stang og handsnøre.
  • Alle innbyggjarar i ein kommune i Finnmark har på grunn tilhøyrande Finnmarkseiendommen rett til innlandsfiske med garn, fiske etter laks med fastståande reiskapar i sjø, lauvskoghogst og uttak av torv til brensel for husbehov og andre nærare spesifiserte behov.

Utnytting av nokre av desse rettane krev løyve frå Finnmarkseiendommen. I tillegg kan kommunane gje enkeltpersonar eller grupper ein særskilt rett til å utnytte fornybare ressursar for 10 år om gongen, til dømes dersom vedkomande har ein betydeleg del av livsgrunnlaget knytt til den aktuelle ressursen.